Lærdalsøyri skule startar med MOT
På mandag over helga har elevane på Lærdalsøyri skule sin første dag etter ferien. Nytt av året er at skulen no er rigga for å bruke MOT som eit av fleire tiltak for å systematisere arbeidet for å sikre seg at trivsel og miljø blir satt på timeplanen.
På spørsmål om kvifor skulen vil starta opp med MOT i Lærdal svarer rektor Magne Klepp «Det er for å bygge eit positivt skulemiljø og ikkje minst for å førebygge mobbing og utanforskap på skulen vår».
Henriette Klingenberg og May Sonja Myrmel har vore på kurs og vil vera dei som gjennomfører øktene, Margrethe Bøe skal skulerast i løpet av hausten. Resten av personalet har denne veka fått innsikt i filosofien, metodane og MOTs mål gjennom personalforedrag i kulturhuset i Lærdal. Regionsleiar Regina N. Vestrheim kan rapportere om ein skikkelig fin oppstartsprosess både med dei ansatte i skulen og leiinga i Lærdal kommune. Det å sikre seg at alle på skulen ser seg sjølv som ein viktig brikke i arbeidet med å bygge god skulekultur er avgjerande for å nå inn slik me alle ønsker.
Me håper og trur at dette vil gjera ein forskjell i Lærdal – me gler oss til vidare samarbeid.